Posted by: maritarunde | February 9, 2010

I’m blue baby, I’m blue

Fantastisk! I dag var det ein av det beste dagane å stå opp på! Frostrøyk på rommet, blå himmel og krystallklar snø! Åh mitt hjerte hoppa av glede! Tankane strømma tilbake til barndommen då vi for på familietur opp på Utvikfjellet med den gamle wolksvagen, med pulken og dei kalde klissete appelsinane.
No var dagen komt for å gjenforene minna med verkeligheit. Eg pakka med meg varm drikke, teppe, varmeflaska, bok og musikk og var super klar for å tilbringe dagen i solskinnet. Eit ord for å forklare timane i sola: vellykka!
Heilt fantastisk altså! Eg kjenne eg gleda meg masse til sommaren, til å kunne gå barbeint og kjenne sola varma på heile kroppen. 4 mnd igjen, så e vi der!!
Termos
Pst, bildet er kun eit illustrasjonsfoto!

Posted by: maritarunde | February 8, 2010

Sannheten om akvariet!

Ikkje la deg lure!!
Hmmm du har kanskje tenkt på å skaffe deg et sånn der koselig akvarium, med masse flotte fiska og flotte planta og sånn? Det er jo ingenting som er så flott som det! Miiiiiip, jess du kjenne til lyden, lyden av feilsignal!!! Du, ta å les vidare her.
Då eg budde i Førde og Ålesund fant eg ut at eg skulle få meg fiska. For fiska var så greie å ha med å gjere, trudde eg. Og ikkje nok med det, eg trudde også at:

- et akvarium kreve lite stell
- fiska e kule
- fiska bæsja lite
- fiskane kan ikkje stikke av
- fiska leve lenge
- et akvarium, det er fint å ha
- fiska ete lite

men tja for å sei det sånn så har eg tatt feil på alle dei nevnte punkta…
1. fiska kreve masse stell, fiska KAN være fint å ha – spørst litt ka du gjer utav det sjøl..
2. Fiska er kule på film – sånn som feks NEMO da han kunne prate og da han faktisk gjorde ein innsats for å skape liv nede i akvariumet.
3. Fiska bæsja veeldig masse – eller av og til bæsja dei lite- det heile henge vel kanskje sammen med kor masse mat dei fekk. For å sei det sånn så varierte det veldig masse med mine.
4. Dessuten, fiska kan stikke av..eg mista sikkert 60 fiska på dei åra eg har hatt fisk, eg fant nåken resta av 5-6 stk på botnen av akvariumet, og lillesøstra mi klemte en i hjel, men dei andre såg eg ikkje spor etter. Eller litt spor var det, to fiska hoppa faktisk ned på golvet, så når eg fant dei var dei heilt sprø!
5. Fiska leve ikkje lenge…dei finaste fiskane dør med engang, det er bare dei stygge og dei som bæsja mest som overleve, skikkelig irriterande altså. Eg har lagt merke til at fiskane er veldig hardføre når du har lyst at dei skal dø…ikkje det at eg nåken gang håpte på det altså.

Eg har faktisk ikkje fått fram i ditta innlegget her kor flott det var å ha brødre som flytta inn i leiligheta som eg budde i før, spesielt godt når ein heilt plutselig, sånn uten vidare kom på at ein hadde gløymt akvariet igjen…

Posted by: maritarunde | February 7, 2010

Forbeholdt kvinner

Siden eg var liten har eg blitt innprenta med at kvinner er lite pålitelige når dei kjøyrer bil. Men kanskje mest med at kvinner er heilt katastrofale med å parkere…Og nei, det er ikkje pappa som har lært meg ditta her, for han er vel kanskje ikkje den mest begava bilisten i Sogn og Fjordane, med heile x antall biluhell bak seg… Mamma derimot hadde ikkje klart å laga ei bulk i bilen om ho hadde kjøyrt inn i ein anna bil, og kanskje ho ikkje hadde klart det om ho så prøvde å få ein bulk i bilen – ho kjøyrer ALT for seint til det og bilen ville stoppa helst 1 km før ho kræsja i den…mamma sitt prinsipp er å stoppe og sleppe forbi bilen som er 1.9 km bak sånn at den sleppe å ligge bak ho, så ja, det tar tid når familien Runde er på bil tur. Men ja, parkering og sånnt, lite viste eg om at det var forbeholdt ekstra store parkeringsplasser for kvinner.
Woman only
Reflekson rundt det omstridte biletet:
- får menn bot om dei parkerer her?
- må man ha offentlig godkjenning som eit synlig bevis på at ein er kvinne for å kunne parkere her
- kan transvesitter parkere her?

Posted by: maritarunde | February 2, 2010

Prosjekt: vaske kle

Vasking av kle e nåke som dei fleste kanskje syns e litt kjedelig? Heile tingen med å måtte sortere ut fargane og ka grade dei forskjellige klesplagga skal vaskast på e rett og slett eit ork. Så skal jo kleda fraktast frå den eine plassen til den andre…Ikkje nok med det, når du endelig har bært det store lasset med klede inn på badet, så må du faktisk ta turen tilbake igjen for å plukke opp det som ramla ned i forsøket på å sleppe å gå heile to gonga frå rommet til badet… Kleda blir stappa inn i maskina, døra blir smekt igjen, og den blir starta. MMmmmiiip!! (lyden av et feilsignal). Det er rett og slett ikkje så enkelt som ditta her. Jess du tenkte det, ka med vaskepulver og tøymyknar?
Det som irritera meg mest med å vaske kle, e faktisk det å få vaskepulveret ut av pakningen og inn i skuffa. Veit ikkje kordan det e med du, men den mest logiske plasseringa av vaskepulver heime i Gudrød er oppå tørketrommelen, som står oppå vaskemaskina, så det blir litt høgt opp. I forsøket på å sleppe å ta ned pakken frå toppen enda det opp i å søle masse pulver på golvet og ned gjennom ermet på genseren ein har på…irriterande, Oh jeah! Kor irriterande på ein skala? Langt over skalaen! Det er vel ikkje for nåken ting at følgande advasel er plassert på pakningen!

Posted by: maritarunde | January 25, 2010

Ka?

Ja kass skilt e ditta her? Og kor har eg sett det?

Etter mitt omdømme passa skiltet betre i ei kirke enn på eit toalett…for det e faktisk eit toalett skilt…Men du, bli ikkje forundra når eg seie at skiltet ikkje befinna seg på misjonshøgskulen

Posted by: maritarunde | January 25, 2010

På glattisen

Ryktet om isen på Stokkavatnet hadde spredd seg langt mot nord, og eg begynte å få spørrande telefona frå Ålesund om eg hadde vågd meg ut på isen…
På tide å gjere nåke med det, så vi stakk ein gjeng ut på vatnet… Rett som det er så skulle no eg brife med mine ypperst beste skøytekunnskapa og innleda ein aldri så liten yppe-slosskamp. Meg vs Cayman. Solide muskla vs litt sterkare en meg. Alt gjekk bra endå Cay Martin hadde eit solid grep rundt leggen min, eg holdt meg på beina. Eg fekk samtidig ein genial ide om å angreip begge beina hans på ein og samme tid for det ville nok få han ut av balanse…det gjorde deg. Han landa rett oppå leggen min.
Eg fekk ikkje vondt, eg gjekk på jobb. Utover nattevakta mi skjedde det nåke rart. Eg kjente ikkje igjen foten min…den såg bare heilt rar ut. Kollegaane mine ringte vakthavande og ville ha meg på rntg, og lege ringte til avdelinga for å høyre om dinna dramatiske ulykka. Flaut. Vondt. Eg ville ikkje ril røntgen, kanskje mest fordi eg ikkje hadde shava beina, men nest mest fordi Marita blir ikkje sjuk…No nesten ei veke etterpå, e hevelsen begynt å gå ned og det er ikkje så vondt når eg går lengre. Være med å gå på skøyte?!?

Posted by: maritarunde | January 19, 2010

Offentlig!!!

ALT e stort i USA seiast det, til og med bokstavane, USA. Med “alt” meinast sånn ca delvis halvegs av alt. Eg har sett dei største skoa eg berre hadde forestilt meg i ein film med masse filmtriks!!!!!

MEN, ein ting som har fått ein heilt ny definisjon for meg, er begrepet “Offentlig toalett”. Ja, du store alpakka, nei, eg meina du store sprekk. Nei, ikkje “sprekk” som i rumpesprekk, men som i dørsprekk. Altså greia e jo faktisk nesten sånn at du sitte på do ute i det høgst offentlige rommet. Det er nemlig sprekker på fleire cm når du har lata igjen døra. Egentlig så hadde det vore like greitt å berre ikkje hatt dør, kanskje berre hatt ein variant av hønsenetting framfor? Eller plastikkfolie?

Og ikkje nok med det, USA folka e livredde for at du skal kunne saksøke dei om du får låsen i vranglås. For å unngå dette har dei laga så høgt mellomrom frå golvet og opp til skilleveggen mellom toaletta at ein kunne gått limbo under der…dessuten har flesteparten av toaletta vakum sug. Blir jo redd av heile greia!
Berre ein liten hugseregel til slutt her:

Posted by: maritarunde | January 18, 2010

US of A

30.desember reiste det 12 stk elleville trøtte nordmenn frå Sola i retning mot Amsterdam, så til Atlanta for å skulle være med på ein konferanse som heite Passion2010. Siden den konferansen berre varte frå 2.-5.januar fant vi ut at vi skulle spe på med litt ekstra dagar sånn at vi fekk kikka oss litt rundt om kring. Her kjem ei reiseskildring frå MaritamissRunde.

Dag 1/9
Kofferten vart pakka ferdig kl 04 – fint det. Flyet til Amsterdam gjekk ganske greit, dei to 30-åringane som satt bak meg fekk etterkvart roa ned reisefeberen, og eg fekk sove litt, fantastisk! Så, Amsterdam. Hjelpe meg, Amsterdam e jo liksom kriminelt e det ikkje? Paranoid som eg var mistenkte eg alt og alle for å skulle til å plante div.ting i veska mi. Livredd for å bli kasta i fengsel. Og ikkje nok med det, like før passkontrollen leita eg febrilsk etter bankkortet for å vise id…
Ein 9 timars lang flytur begynte. Eg las bok. Såg film. Fekk panikk og klaustrofoni pga liten plass med beina. Eg gjekk på toalett på eit fly for første gong på 23.5 år – jeeey! Eg satte mine bein på Amerikansk jord for første gong. Vi gjekk ein omveg på 30 minutt for å finne hotellet. Eg sov utrulig godt den natta, til trass for at det lange tynne kalde lakenet irriterte meg skikkelig. Lite visste eg at eg det var meininga å sove med sengeteppet på senga før vi kom til dag nr 8…

Posted by: maritarunde | January 18, 2010

Happy Cola

Dag 2/9
“Who are you?”, ei setning som Ingjerd våkna av at eg sa…Viktig å omstille drømmane sine til engelsk. Det gjer heller ikkje noko om du legg til litt synging før og etter setninga…jadda… Eg hadde gledd meg til frukost, men off, bagels og muffins var liksom ikkje heilt mi greie fant eg ut…
I dag var det nyttårssafta, heilt fantastisk altså. Vi gledde oss mykje til å reise inn til sentrum for å sjå fyrverkeriet der. Før klokka vart så mykje tok vi turen innom cola museet. Kjære folkeslag og alpakka kor masse rart det går an å putte oppi colaen. Det “hippaste” var julecolaen som var adda pepperkakesmak – fyshh. Ei heller den med tannkremsmak var noko særlig. Det kjekkaste med museumet var nok ikkje fritilgang på Cola, men 4d kino. Fantastisk bra altås, eg vart no skikkelig redd sjølv om det var ein heller lite dramatisk animasjonsfilm…jaja.

Klokka vart masse. Vi for ut å åt ein fantasisk middag. Vi bestemte oss for å reise inn til byen igjen for å få med oss “ball-drop” som vist nok er ganske STORT (som alt anna) i Amerika. Vi kava oss fram og rakk det. Vi venta i spenning på fyrverkeriet, men skuffelsen vart raskt bytta ut med latter då vi fant ut at vi ikkje såg nokon ting til rakettane pga ein høg skyskrapar som blokkeret. Men men, vi høyrte smella og såg litt refleks i skyskraparen ved siden av…fine raketta på bildet?

Posted by: maritarunde | January 18, 2010

Super Target

Dag 3/9
Shopping. Innkjøp av “skikkelig” frukost. Måtte jo også selfølgelig kjøpe litt is. Isen var tilsatt alt fra mandler til marshmellows til andre ting jeg ikke helt vet hva var, men søtt var det iallefall. Super Target – mitt første besøk. Inni granskogen på breddegrade med ecuador hvor digert. Jeg som sliter med å begrense mitt handle besøk på OBS til under 1 time lurte på hvordan jeg i det hele tatt skulle klare å komme meg ut av denne butikken før jeg ble 80års jubilant. Og jeg hadde vel for så vidt ikke trengt å forlatt butikken før det heller – her fant man alt! Bortsett fra grovt, kompakt brød. Hvor finner man dette i USA? Svar bes utsendes innen Juni 2010!
PS: det var ikke disse kontainerene, som vist på bildet, med is vi spiste…

Melk på digre plastgreier har alltid grepe fatt om mi interesse

Older Posts »

Categories