You move me

Entries from July 2009

July 21, 2009 · 7 Comments

Det værste eg veit e kveps uten lyd. Kveps som plutselig bare sitte på låret ditt mens du sykla og finne ut at “no skal eg stikke deg sånna at du nesten sykkla ut i grøfta…”

Categories: Smerte

Måka Palma

July 20, 2009 · 10 Comments

IMGP6523
IMGP6535
Ditta her var dagen da eg skulle overraske Gunhild – egentlig med middag, men når eg var komt ned til butikken endra planane mine seg raskt. Der, midt i vegen låg det ein måke unge. Den var sjuk, fant eg ut. Berre låg der og kikka og ropte “maaariiita, hjelp meg!!! Eg e sååå svolten!!” Stakkar måke! Eg gjekk inn på butikken og fant ut at om den sa det samme ein gong til så skulle eg gje den kost og losji for nokre timar. Når eg kom ut igjen var den der framleis og sa det samme til meg med ei enda meir desperat stemme: “Maaariiiiiiita, er du ein barmhjertig samaritan eller ikkje, hjeeeelp meg!!”. Eg høyrte ropet og svarte med å plukke den opp og ta den med inn to ho Gunhild. Eg bestemte meg for å gje den til Gunhild i og med at eg har tatt meg av ein måke før…derav vart det Gunhild si måke. Dessuten hata Gunhild måke, så ho må bare lære seg å like dei!!!! Eg fant fort ut at Palma var ei kresen måke, for ho ville ikkje ha dei tørre brødskivene til Gunhild, men ho ville heller ha honningmelonen min…den fekk ho. Så bæsja ho som bare det etterpå…
Når Gunhild kom heim så sa ho bare at eg var sjuk. Eg skjønte ikkje kva ho meinte, det var jo Palma som var sjuk! Når Palma hadde ete opp det beste på melonen, og bæsja ut igjen alt det ho hadde inntatt, inklusivt det ho hadde ete den siste veka, så gjekk vi ut alle tre. No var Palma blitt frisk, og måtte ut å gå på det grøne graset. Eit tungt øyeblikk for oss begge to (meg og Palma). Snipp snapp snute så levde Palma eit saft suse bra liv.

Categories: Ferie · Hærligland

Stranda på Alnes

July 20, 2009 · 5 Comments

IMGP6547
IMGP6550
Ingenting e som å ta av seg på beina, springe barbeint langs ei lang strand og leike med bølgene! Ditta her e utrulig befriande. Til og med det iskalde vatnet blir hærligt. Dessuten e det som tatt ut av ein film når eg kastar pinna (tang) til hundene mens eg ler av kordan dei leikar med kvarandre og flyktar frå dei skumle bølgene. Eg elska strandlivet og Sunnmøre!!

Categories: Ferie · Glede · Tur

Stein-saks-papir

July 16, 2009 · 3 Comments

IMGP6625
IMGP6632
Nåke eg og Gunhild har prata lenge om er å fare på blå-tur kombinert med stein-saks-papir i kvart vegkryss vi kom til. Spontane som vi er fant vi ut at dagen var komt.
For å være skikkelige turfolk tok vi med oss stormkjøkken. Her skulle vi steike kylling og koke saus, koke kaffi, koke suppe, steike pannekake og koke vatn til nudlane. Når eg tenke meg om så hadde vi tatt med meir enn nok å ete…vi skulle jo bare være der over natta…Hærligland kor masse mat vi egentlig hadde med oss!!! (kanskje fordi vi glømte å ta med oss mat og drikke på forrige tur vi reiste på??!)
Vi kjøyrte avsted. Etter nåken heftige omganga med stein-saks og papir kom vi oss til ein plass eg ikkje ana ka heite, men vi var der i allefall. Vi stoppa på ein koselig rasteplass, slik som ekte turfolk gjer, og okkuperte eit bord og plasserte all maten utover, reine koldtbordet. No skulle vi koke og steike! Vi tente på rød-spriten og fekk varma opp nåke vatn til nudlane. Så skulle vi ha kaffi – men da ville ikkje rødspriten brenne meir, det var tomt. Hjelpe meg. All maten vi hadde tatt med oss var basert på at den måtte varmast eller kokast, og enda vi hadde med oss fullt i mat hadde vi ingenting å ete. Hurra.
Heldigvis hadde vi ei heilt fantastisk utsikt, ein fantastisk solnedgang, fantastiske kjære Gunhild, ein fantastisk god kopp med nudla og ein heilt fantastisk sovepose som holdt meg varm gjennom ei heilt fantastisk natt med søvn på eit fantastisk liggeunderlag på asfalten under ein fantastisk open himmel, fikk kun 2 myggestikk på kinnet. Gunhild sov derimot dårlig inne i bilen med dyne og pute…Oppsummering av turen: fantastisk!

Categories: Ferie · Tur

Yes man!

July 16, 2009 · 1 Comment

Har du sett Yes man?! -eg har. Du skjønna litt meir av bilete når du har sett filmen…
IMGP6483

Categories: Film · Hærligland

Typisk norsk?

July 16, 2009 · 3 Comments

IMGP6473
Ka som egentlig e tingen med å posere i telefonkioska i UK når vi har dei her i Noreg også?
Memo til meg sjølv: hugs dette neste gong du er i London…

Categories: Fenurlig

Skyfri himmel?

July 16, 2009 · 1 Comment

IMGP6588
IMGP6593
Skyane har vore det som har prega himmelen dei siste dagane, dermed var det nærmast eit sjokk å sjå ut på den blå himmelen i dag. Det var godt og varmt, og etter ein god frukost med HK & PK var det tid for lunsj på stranda med Gunhild. Med fantastisk utsikt mot fjella fant vi ut at vi skulle fare på ein aldri så liten topp tur. Vi tok med oss hunden og bar i veg oppover bakkane, heilt perfekt tur-vær, ikkje for varmt og ikkje for kaldt.
Vi satt ei stund på toppen mens Gunhild gnafsa hol på ein appelsin med å sette tenna i skallet (grøss) og reiv det av appelsinen (off klissete kvite fingra…). Og nesten det viktigaste med fjellturen: vi fekk skrive navna våra i boka!!
Nedoverturen begynte. Då vi hadde gått ca 100 meter nedover ser vi at det kjem ei enorm regnværsbyge rett mot oss. Vi la på sprang, med byga rett over oss. Vi sprang heile vegen ned, og i ettertid trur vi at vi sprang under den samme regnbyga heilt til vi kom ned til bilen igjen. Men ja, etter ca 50 meter var vi klissande blaute. Ka kan eg seie? Kvite t-skjorte og regn ekje alltid den beste kombinasjonen…
IMGP6599

Categories: Ferie · Tur

Marita Runde vs Geir Moen

July 9, 2009 · 6 Comments

MOEN_Geir_1994_SF_L
For å vedlikeholde min barndomsdraum; å springe omkapp med Geir Moen, fant eg ut at eg skulle ta meg ein lang joggetur inn i skogen. Dessuten ville folk tru at eg var ein seriøs idrettsutøvar når eg sprang so tidleg på morgenkvisten, 0730. Eg fekk fyrt på litt musikk og merka at kroppen framleis var i samme modus som vekkerklokka; slumre slumre. Oppover og nedover bar det, hjartet hamra og jenta sprang. Faktisk så sprang ho so fort at nåke var nødt til å skje. Plutselig var kroppen fullstendig ute av kontroll, og jenta befant seg plutselig i lufta før overkroppen og venstrehanda sørga for eit laaaangt bremsespor bortover grusen, ipoden og høretelefonana var blitt slengt av og heile menneskekroppen låg i ei særdeles merkelig stilling…
Med eitt stabla ho seg opp på beina, snudde seg febrilsk til alle kantar for å sikre seg at ingen hadde fått med seg hendinga, og sprang nokre meter til før ho kjente det verka i handa…joda, leddet i lillefingeren hadde fått seg skikkelig rundjuling av mr.grus, noko som også handleddet hadde…med masse grus og åpne sår, bustete hår og møkkete tskjorte fekk ho fart på seg og sprang heim igjen, handikappa som ho var.
For å ikkje øydelegge resten av dagen med sitt handicap, vart hendinga vinkla til det positive: steik kor fort eg sprang som greidde å slenge meg so langt bortover grusen. Eg hadde definitivt sprunge fra Moen, glatt!!!

Categories: Sport

Ålesund

July 9, 2009 · 4 Comments

IMGP6403
Det e sjukt digg å ha ferie, og eg merka at ferien på heimetraktene får meg til å prate eit møkje breidare språk enn eg har gjort. Deilig!
No har eg vore vekke frå Ålesund i ca 1 år, og det e rart at tida ikkje har stått stille her. Det har faktisk skjedd ting her. Kanskje det har skjedd litt mindre ting enn eg antar av og til, for det kjennast ut som eg har vore vekke i fleire år, kanskje derfor eg tar litt feil også: “ååå han e vel 6 år han no?!” “Nei, han fylte 3 i forrige mnd…”
Det gode er at folka ikkje har forandra seg, vi har det framleis utrulig kjekt sammen og eg gledar meg til kvar ein dag til eg kan stå opp slik at nye ting kan skje. Det går desverre innskrenking på søvn den andre vegen også, så det blir minimalt med søvn, men det gjer ingenting!!
Når eg går rundt om kring kjenna eg kor utrulig møkje eg har sakna byen. Utruleg rart at eg i det heile tatt har fløtta herfrå! Men dess kjekkare blir det å kåme tilbake hit til. Alltid nåke å glede seg til. Eg digga dinna plassen her – ditta her e balsam for heile meg!

Categories: Ferie

Supportar på heimebane

July 6, 2009 · 5 Comments

IMGP6461
Da har eg fått vore på Aafk kamp! Hærlige saker! Mindre hærlig var vel kanskje fargekombinasjonane på bana: orange/blå og i turkis stilte Vålerenga, som tapte 2-3.
Ein utrulig kjekk opplevelse sammen med andre folk som rulla på r´en! Skal definitivt gjentas i næraste framtid.

Categories: Uncategorized