Eg har masse å være takknemlig for her i livet, og for livet! Så, her e ei lita takkeliste.
Takk kjære Gud for:
GLEDEN som og har sitt opphav i samtlige punkt: Ein fantastisk kjæreste; Johannes. Familien. Gunhild. Fantastiske venna og ei fantastisk samboarvenninne; Marthe. Imi. Kua og melka. Ein utfordrande og spennande jobb. Flotte kollegaer. Eit flott land. Solastranda. Takk Gud for Din kjærlighet og omsorg for-til-og-i- meg!
Entries from November 2009
Takk
November 29, 2009 · Leave a Comment
Categories: Glede
Mållaus?
November 10, 2009 · 1 Comment

Cupfinalen. Aafk – Molde. Henholdsvis 36 og 56 poeng, vi snakka 13.plass mot 2.plass, vi snakka 2 tap for Aafk mot Molde, begge tidligare gongane med 2 mål. Vi snakka nord-vestlandet! Faktisk, så snakka vi at fleste parten trudde Molde kom til å vinne, eg innrømma det; inkludert meg sjølv, eg skjemst!
Sjølv om eg faktisk ikkje såg heile kampen, var det eg såg ufattelig spennande, og fantastisk nydelig. Til og med skjegget til Aarøy var fint, og sjekk det luftige håret på bildet! Jammen om det gjekk, vi vant! Eg e so stolt, så fra no av når folk spør, skal eg svare at eg e ein sunnmøring! Vi toppa heile greia, og eg vart mållaus, måtte faktisk la det synke inn litt før eg skjønte ka som egentlig hadde skjedd, cupvinnera 2009. Så da var eg ikkje mållaus lenger, det vart jo totalt 7 mål!
Full fyr
November 5, 2009 · 2 Comments

Snart helg igjen, det e like godt kvar gong! Som du sikkert e fullstendig klar over e torsdagen ein dag vi må selfølgelig må igjennom før vi kan komme til fredagen. Eller nei, vent no litt, e det eigengtlig ein sjølvfølge?
Hold deg fast her kjeme det eit kraftig og rykande (!!) ferskt vitnesbyrd!
Elling sa i talen sin på søndag at “Livet er en fugl, og jeg er kvisten den sitter og hviler på.” at livet vårt kvila i Gud sine hender. Uten Gud er vi fortapte, men samtidig e vi umistelige for Han.
I dag er det torsdag, og som vanlig har eg cellegruppe da. Etter veka var eg litt på underskudd på søvn siden eg har gått 2 nattevakter. Eg tenkte eg skulle forberede meg til cellegruppe, så som tidligare pleie eg å sette meg inn på badet, siden det er godt å varmt der inne, og fordi det er så koselig når ein tenner lys der inne (og alle andre plasser), så dette gjorde eg. Etterpå forberedinga var planen å bare kvile augene litt der inne på det varme badegolvet. Oppklaring: Nei, eg tok ikkje augene ut og la dei på golvet, eg la heile meg sjølv ned for å søke varme og nærhet med golvet. Eg gjentar; ei oppklaring for sikkerhetsskyld liksom.
Eg gjorde meg ferdig med det eg skulle, og sank ned på golvet i liggande stilling. So sovna eg.
Etter 35 minutt våkna eg av eg høyrte ein mystisk lyd: pssssj, samtidig som den venstre ankelen min vart varmare og varmare. Kva var dette for noko? Ein sviande brennande smerte. Plutselig kom lukta. Lukta av ingenting anna enn: SVIDD JOGGEBUKSE. Joggebuksa brann. Inni granskauuen, buksa mi brant! Ild på kleda som var på kroppen. Kroppen som var Marita sin!!! Ingen vanlig situasjon – skulle eg her skrive “panikk” med store bokstavar ? Nei nei, eg har vore på brannkurs og beholdt roen gjennom heile situasjonen!
Fuglen sitte på greina enda! Eg e umistelig, og eg erkjenna det; eg e fortapt uten Gud! Fanpigedetastsik og jubel og fanfare og kinaputt!
Categories: Frustrasjon · Hærligland · Smerte
My car is famous
November 4, 2009 · Leave a Comment
Bilen min inntar stadig nye landområde. No for tida blir den brukt i boligannonser for å gjere selgaren sin pris mest gunstig for hans eigen del. Kven vil vel ikkje kjøpe dette flotte grå huset med ein Sierra som ein nabo?? Kvifor huset fortsatt er tilsalgs må henge sammen med at Sierraen ikkje står i oppkjørselen pr.dags dato.
Dagens triste oppdatering er at om dei nye kjøparane bestemme seg for å bygge på huset, er det store sannsynligheita for at det er Sierraen som blir brukt som spiker…eg gjentar; stadig nye landområde…
Her e annonsen. Enjoy!
Categories: Hærligland

