Posted by: maritarunde | May 23, 2009

Englandstur

IMGP6335
18 mai reiste vi ein flokk stolte (?) landsvinnara av MGP til England. Dei to første dagane tilbringte vi i London, der eg stadig fekk hetetokter og noja av alle som ville dele ut aviser, av den varme dårlige eksoslufta i undergrunnen og av stadig nynning på “Fairytale” songen. Det hjalp vel heller ikkje at ei dame som eg skulle veksle penga med gratulerte med sangen til den fine norske gutten… Vi måtte faktisk innføre et forbud mot sangen på rommet eg låg på, og det tok knappe 30 sekund før nåken nynna ubevisst på den igjen..
Vidare frå London tok vi tog til Sheffield. Utrulig bra daga der med masse inspirasjon og teambuilding, for ikkje å nevne starbucks besøk! Men ja, Sheffield besøket – utrulig oppbyggande og utfordrande, det lika vi!
Husverten vår likte kunstløp fra 90-tallet, frokostblanding, te, gikk med sko inne, hadde teppe på badet som matcha den brune innredninga av vask, do og badekar, ei typisk britisk dame med skjørt og super langt hår, som var skikkelig “hospital” (gjestfri) med oss!
No er det godt å være på norsk jord igjen, sjølv om eg bokstavlig talt ikkje sto direkte på britisk jord…Fantastisk å ha sitt eget rundt seg, eg elska ditta landet her!!


Leave a comment

Categories