Posted by: maritarunde | October 5, 2009

Studentweekend

DSC00431
Den siste tida har eg vore med å planlagt ein weekend for stud./ungevoksne i IMI kirka. Og no i helga har vi vore ca 70 stk på tur til Sirdal. Det var ein heilt fantastisk tur, og eg trur eg kan ta meg rett til å sei at alle hadde ei veldig bra helg. Eg, som fekk tittelen “leirsjef”, “leirensmor” og andre ord som inneholdt ordet “leir”, syns det var utrulig kjekt å få være med å arrangere ein slik tur. Alt gjekk vel litt av seg sjølv egentlig, for det var skikkelig “tak i” dei som var med på turen.
På søndagen vart dørene til huset låst, og på programmet var neste punkt: Stavanger.
Bilen var full, og tilhengaren var godt lessa med lyd- og musikkutstyr. Etter litt stopping, som innebar bensinfylling og matpause fant vi like så godt ut at vi også skulle stoppe i ei rundkjøyring i Stavanger. Bilen stoppa. Kl 1600 på ein søndag. Det var null respons då nøkkelen vart vridd om, faktisk var batteriet så flatt at ikkje nødblinken virka heller. I full panikk fekk vi ringt til Svein som ville komme og taue oss vekk, og det tok ikkje lange tida før han kom og taua oss til imi.
MEN, før det så bra, fekk eg ein telefon om det var nokon som kunne komme å hente ein synth/piano som vi hadde i hengaren. Men dei fekk beskjed om ikkje å komme siden eg syns det var meir enn flaut nok frå før å stå i rundkjøyringa. Knappe 3 minutt seinare stoppa det ein bil bak oss, der kom dei – for å hente pianoet, i rundkjøyringa. Eg har ikkje ledd så mykje på lenge!!! Eg greidde ikkje å stoppe, før klokka vart 1830, og då, då hadde eg skikkelig vondt i magen. Hurra for glede altså 🙂

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: