Posted by: maritarunde | December 14, 2009

Fuktskade

Du skulle bare visst kor masse styr det skal til for å få til litt julestemning i huset…her om dagen var eg og kjøpte ei julestjerne, fine fine blomsten, som faktisk bidrar til det ytterste med å skape litt stemning her. Men, så måtte det jo eit pepperkakehus til ettersom peppekakebakinga til Marthe ikkje gjekk heilt som den skulle, kanskje pga samme grunn som pepperkakehuspoenget som kjem om litt?

Eg tok meg ein tur på butikken og fekk slengt (!) ferdigmonterte veggar og tak til eit pepperkakehus opp i handlekorga. Før eg slang (!) posen på sykkelen og råsykkla heimover så posen slang (!) hit og dit (!). Fina veret. Vel heime pakka vi opp huset og til alle sin store forskrekkelsen var det knust både her og der. Bra at eg bur sammen med ei kvinne med kaliber og limpistol, for gjett om ho fiksa susen! Vel limt og overpynta, vart pepperkakehuset med pynt på eine halvdelen erklært ferdig! Full jubel i stova over at vi rett og slett ikkje kunne gjere det noko som helst styggare enn kva det var!! Og vi fortsette likesågodt pyntinga vidare…Resultatet vart fryktelig (!!) fint!

Ca 24 timar seinare var det gjort. Huset hadde bekjempa både meg, Marthe, limpistol, melis og nonstop, til og med krokodillen og edderkoppen, men fuktskaden derimot hadde det ingen sjans mot. Leiligheita vår er ganske fuktig av seg, og hadde spredd seg til heile huset. Pepperkakehuset vart derfor erklært fuktskada, til dei grader, då heile volumet på huset hadde komt i kontakt med underlaget…men men sånn kan det gå, og sannelig sannelig seie eg deg at det var nettopp sånn det gjekk!

Det har vore null snakk om å ta pepperkakehuset vekk, det sprer julelukt, og synet av det gjer oss takknemmlig for at gudrødsgate 9b står…enn så lenge kanskje?

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: