Posted by: maritarunde | December 23, 2009

Du (grønne) glitrande tre

Aldri før har eg hatt ein så produktiv førjuls produksjon av nedfelling av det som eg likar å kalle treverk, av svært varierande kvalitet.
Det heile begynte dagen før eg skulle på tur til Kristiansand og Arendal. Marthe kom til å måtte være aleine heime nåken daga, og eg hadde bestemt at ho kom til å savne meg skikkelig. Derfor måtte eg sette i gang tiltak slik at ho kunne få nokre dagar i ein blivande koselig Gudsheim(forkortning for Gudrøds). Eg stakk og kjøpte nokre koselige raude julekuler og satte meg på bussen heimover. Faktisk så kjente eg at eg hadde litt julestemning, og eg gleda meg til å pynte treet. Saken er den at eg faktisk gløymte litt ut at treet ikkje kom inn i heimen like lett som heime i Innvik, så da måtte eg ta tommelen ut av votten og ta saken i eigne hender. Langs ein veg med bilar og spaserande fekk eg knekt av ein nett høveleg kvist som eg tenkte ville gjere susen. Så der gjekk eg, på ein folkeveg – meg og kvisten. Koselig. Det var nok mange som var misunnelige på den fine pinnen eg hadde funne, for det var mange som snudde seg når dei gjekk forbi meg…Så da holdt eg ekstra hardt på den og gjekk ekstra fort sånn at ingen skulle få sjans til å ta den frå meg! Vel heime fekk eg pynta treverket til Marthe kom heim. Og jammen om treet vart fint etterkvart!!!

I Arendal gjekk turen til Vålandsmyr og den tradisjonelle fellinga av årets juletre. Eg fekk den fantastiske æra med å sage det siste stykke av stammen. Og der, der hadde eg jammen lagt i bakken det første juletreet mitt! Utrulig god følelse, og ein utrulig bra tur!!

Advertisements

Responses

  1. Hehe. Digger kvisten din. Den kan jo nesten hete Knerten? Bra du koste deg i Arendal då. Ser ut som du gled rett inn;) GOD jul min venn! Lykke til med jobbing og alt. Glad for å kjenne deg!


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: