Posted by: maritarunde | January 18, 2010

Happy Cola

Dag 2/9
“Who are you?”, ei setning som Ingjerd våkna av at eg sa…Viktig å omstille drømmane sine til engelsk. Det gjer heller ikkje noko om du legg til litt synging før og etter setninga…jadda… Eg hadde gledd meg til frukost, men off, bagels og muffins var liksom ikkje heilt mi greie fant eg ut…
I dag var det nyttårssafta, heilt fantastisk altså. Vi gledde oss mykje til å reise inn til sentrum for å sjå fyrverkeriet der. Før klokka vart så mykje tok vi turen innom cola museet. Kjære folkeslag og alpakka kor masse rart det går an å putte oppi colaen. Det “hippaste” var julecolaen som var adda pepperkakesmak – fyshh. Ei heller den med tannkremsmak var noko særlig. Det kjekkaste med museumet var nok ikkje fritilgang på Cola, men 4d kino. Fantastisk bra altås, eg vart no skikkelig redd sjølv om det var ein heller lite dramatisk animasjonsfilm…jaja.

Klokka vart masse. Vi for ut å åt ein fantasisk middag. Vi bestemte oss for å reise inn til byen igjen for å få med oss “ball-drop” som vist nok er ganske STORT (som alt anna) i Amerika. Vi kava oss fram og rakk det. Vi venta i spenning på fyrverkeriet, men skuffelsen vart raskt bytta ut med latter då vi fant ut at vi ikkje såg nokon ting til rakettane pga ein høg skyskrapar som blokkeret. Men men, vi høyrte smella og såg litt refleks i skyskraparen ved siden av…fine raketta på bildet?


Leave a comment

Categories