Posted by: maritarunde | February 14, 2010

Har du nøkkelen til mysteriet?

Februarmysteriet i Gudrødsgate

Det heile skjedde ein grå og lett dag i Stavanger. Dagen etter den 13.februar, jess vi snakka 14.februar. Dagen då alle mødre skal hedrast, dagen som e dedikert til kjærleiken (?) og dagen då dei fleste nordmenn sit å tørka kremen og melisen vekk frå munnviken etter å ha ete fastelavensbollar. Jentene i gata fant ut at dei måtte lage bolla. Men siden vi ikkje hadde mjøl, måtte vi ta oss ein tur til Brustadbakeren for å kunne oppfylle ønsket vårt. Eg såg nøklane mine låg på kommoden ved siden av kjøkkenet, men egoistisk som eg var tenkte eg at den resterande 50% gudrødsjenta skulle få låse døra siden den er så ekkel å låse.
Eg bar ut søppla, mens Marthe kava med døra. Ho fekk det ikkje til, så da reiste vi berre i frå huset, ulåst. Vi kom heim, åt bollar og fekk ledd masse til “Wallace og Gromit” som eg gjorde ei fantastisk investering i i forrige månad. Så skulle eg tusle bort på imi, men bææm, nøkklane var vekk. Kor var nøkklane blitt av? No har eg leita høgt, og lavt, nedi blomsterkrukker og nedi smørpakke, nedi sko, nedi søppla, inni bilen – ja, overalt. Faktisk så har eg leita overalt tre gongar. Nøkklane er sporlaust forsvunne! Eg har bedd om ei openbaring, men augene mine vil ikkje sjå dei…Bæsj.
Har DU nåken tips til kor nøkklane kan befinne seg, så sleng dei gjerne inn altås. Kjem du med den riktige løysinga skal du få ein heftig finnarlønn!

Advertisements

Responses

  1. Under sofa puter, jakkelommer og bak kommoden? Lykke til!


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: