Posted by: maritarunde | May 1, 2010

1.mai – ein raud,svart eller brun dag?

Du trur kanskje ikkje at eg veit at vi kun har raude og svarte dagar siden eg har skreve brun i overskrifta, men joda – det veit eg, eg jobba jo turnus og kjenne til kortid eg får 100%, og brun farge har ingenting med årets dagar å gjere.
Men dagen i dag har fått meg til å sjå alle fargane…no skal du høyre:
Etter å ha jobba seinvakt i går, og etter ca 5 tima søvn var det på tide å skru av vekkerklokka. Det regna litt ute, så eg tok på meg regnkle, sykla i veg i motvind og kom meg til jobb. Eg kan ikkje fordra motvind, det trur eg er den eine tingen her i livet som får meg til å bli skikkelig irritert…
På jobb gjekk orda litt i stokk. Ein pasient sa “tusen takk for smertestillande” som eg delte ut, eg tenkte eg skulle sei “berre hyggelig”, men fant på tampen ut at eg heller skulle seie “værsågod”, eg greidde å prestere å svare “bæsj!!”, med skikkelig trykk på ordet. Bæsje?!!? I sjokk gjekk eg frå pasienten mens eg prøvde å tenke over kva som hadde skjedd. 5 min seinare gjekk eg inn til pasienten og forklarte meg, vi lo – masse!
Når arbeidsdagen var ferdig var det sol og blå himmel, og meg, sykkelen og regnkleda. Anstrengt respirasjon? Yes indeed!

Vidare på dagen traska eg og Ingjerd oss innover til byen der vi koste oss med is i den kalde vinden som ikkje hadde ei bestemt retning den kom frå – den kom frå alle retningar, så hår og is er jo ein god kombinasjon. Vi fant oss ein plass med breiavatnet og satt oss for å nyte sola, fuglane har allerede blitt fora godt i år, så noko må jo komme ut igjen også. “Boom boom boom boom”, bæsjen til måka traff bakken som lyden av eit maskingevær. Og jammen om eg ikkje fekk meg ei saftig kule på låret..og leggen…og hetta som eg heldigvis hadde tatt på meg. Faktisk så bæsja fuglen so hardt at eg fekk vondt…Alvorligtalt, Stavanger er stort, men bæsjen måtte lande akkurat her. Flott.

Vinden fekk meg til å sjå svart
Bæsjen fekk meg til å sjå brunt
1.mai fekk meg til å sjå rødt
Godt å være fargerik, er det ikkje? Latter blir det i allefall

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: