Posted by: maritarunde | July 30, 2010

Gud, se bak mine ord!

Då eg budde i Ålesund skjedde det utrulig masse i livet mitt, som eg aldri hadde trudd ville skje med meg. Og den eine etter andre tingen som skjedde fekk meg til å stå måpande og ikkje i stand til å gjere nåke anna enn å takke. Ein av dei tinga var den nye team jenta, Marte, som skulle komme til byen. Pastoren lurte på om eg kunne ”ta meg av ho” og ønske ho velkommen, det ville eg selfølgelig. Eg ba for ho, og ba ei enkel bønn om at vi måtte ”klaffe godt sammen”.
Det året gjekk utrulig fort. På slutten av året satt eg og Marte og mimra over eit rikt år saman. Året sammen hadde vore eit utrulig rikt og godt år. Midt i all gleda og mimringa vart vi minna på vår eigen håplausheit når vi delte bønnene våra frå før vi hadde møttast; ”gjer at vi klaffa sammen”, ei egoistisk bøn som vi sjølve ville dra nytte av. Sånn at vi slapp å yte så masse. Vi lo over at begge hadde delt den same bøna og var utrulig takknemmlige fordi Gud såg langt forbi orda og intensjonane våra. Gud velsigna oss med eit utrulig viktig vennskap, eit vennskap som både skapte – og forandra liv.

No reise eg snart til USA eit år. Eg gleda meg nåke så inn i granskauen! Og atter ein gong blir eg minna på kor viktig det er å be om større ting. Eg ba tidlig i år om å møte nokon som eg kunne reise saman med bort. Gud har overøst meg med velsignelse og latt meg møte Agnese. Ei utrulig hærlig jente som er blitt ei utrulig god venninne, og dessutan skal jo Gaute reise bort også. Takk Gud, fordi Du ser bak orda mine, fordi du er forsørgaren min og har ein enorm kjærlighet for meg! TAKK!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: