Posted by: maritarunde | September 23, 2010

Oppdatering frå 1.veka

Reisa til Redding var utrulig lang. Det tok oss vel 27 tima før vi endelig var framme. Flyturen var prega av lite søvn, men med eit lystig lag frå Agnese og Gaute, som også går på skulen her.
Når vi endelig var komt fram til flyplassen var det et eller anna som hadde skjedd sånn at transporten vår ikkje kom, og sjølv om det berre var ein time med venting, så virka den timen veeeldig lang. Kanskje ikkje så veldig rart med kun 6 tima søvn på 2 døgn! Ajajaj.

Vi kom oss fram til huset der vi vart møtt av ein haug med jenter. Fantastiske jenter! Og dei skulle vi få bu med. Totalt blir vi 15 i dei to husa våra, vi venter framleis på den siste 🙂 Hærligland, 15 stk, det høyrast utrulig masse ut, men eg nyte det, og kunne ikkje ønske vi var ein einaste mindre i huset!
Eg dela rom med 2 andre, og eg kunne ikkje fått ein bedre match enn dissa to jentene her. Bre – frå USA, og Âna, frå Tyskland.

Her er meg og Jennifer, hus-famile.jente, i ein hærlig park eit lite stykke frå der vi bur:


Dei første dagane gjekk vi i ein slags sjokktilstand, vi kunne liksom ikkje heilt fatte at vi var her. Og ettersom vi syns ditta her var så bra, lurte vi på kor ufattelig bra det skulle bli når skulen endelig starta! Huset her er veldig koselig, og ligg i eit veldig fint og fredfyllt nabolag. Dessuten tar det kun 25 minutt å gå til skulen dersom vi har lange bein, og 45 minutt dersom du har korte bein 🙂

Innsekt: Fra før eg kom hit begynte eg å deklarere alle insekteres død i Redding. Det har igrunnen funka veldig bra. Eg vart fortalt at dei svarte enkene som budde i garasjen var blitt drept i fjor… Her hinn dagen fant vi ein daud edderkopp som var på størrelse med ei krabbe!!! (som igjen var på størrelse med ein ganske stor edderkopp)

Søndagen hadde eg gleda meg til gudstjeneste. Men som sagt i tidligare innlegg kunne vi ikkje komme iflg pastor kona pga ein konferanse som pågikk. Kirka var stappfull!! Ho bemerka at det sikkert var første og siste gang ho kom til å annonsere ein slik beskjed 🙂

Når skulen starta vart vi alle litt sjokka over kor mange vi eigentlig var på kullet; 860! I ein og samme forelesningssal! Men det går faktisk veldig fint. Alle er stille og det er lett å følge med på kva talaren seie. Haha har forresten aldri ledd så masse under nåke undervisning før – dei e heilt hysterisk artige!
Eg tenkte det var bra at eg hadde i allefall 14 av 859 sånn at sjansen vart større om eg mista ein eller anna i folkemengda, men det er så lett å bli kjent med folk her at det gjer ingenting. Eg elska folka her! For ein hærlig klasse eg er komt i.

Lovsang er ein viktig del av skuledagen. 1 time med lovsang for å få oss tuna inn på Gud. Det er hærlig å være sammen med ein så stor og god gjeng der alle er med på å drar ned himmelen, og der ein tydelig kan merke eit sterkt fellesskap og ein enhetsfølelse i rommet. Atmosfæra var – og er, prega av begestring og forventning til kva Gud skal gjere denne dagen. KJærligheten i rommet treffe deg som ei mjuk dunpute midt i ansiktet og får deg til å smile – det er vanskelig å la være!

Revivalgroup: På registreringsdagen fekk vi tildelt ei revivalgroup vi skal være med i dette året. Det er på ein måte en menighet inni menigheta, der vi er ei gruppe på 60-70 stk. Eg er komt i eit klippe med fantastiske menneske, ein god bamse av ein Hawaii mann, og nåken utrulig lite organiserte inturns/praksisfolk som er så artige! Digga kordan dei berre tar ting på strak arm, og lar den Heilage Ande lede fram gruppa.

Nordmenn: Det er så deilig å kunne møte på nordmenn her. Vi er vel 60 stk totalt her, og det fryda hjertet mitt. SJølv om språket er heilt omøblert av engelske og norske ord, klara vi å gjere oss forstått 🙂 Alltid komiskt når vi svitch over på engelsk. Nordmenna her e heilt nydelige! Skjønna ikkje at eg ikkje har møtt dei før no! Dei kjem til å være gode følgesvenna vidare ditta året her – og heime i Norge!!

Tale: Bill Johnsen og Kris Vallotton har vore dei som har talt mest til oss dinna veka her. Dei er så begava, og eg føla meg så velsigna som får være under deira innflytelse ditta året her!!
Første dagen satte Bill standarden med å prate om prosessa. Om korleis Gud nåken ganga ikkje vil gjere ting for oss, men heller gjennom oss. Han prata også om å investere i det som allerede er gitt til deg på ein vis måte.
Hærligland, eg visste at dissa folka her var kloke, men dei sprenge alle forventninga eg har hatt. Får nåken vitnesbyrd av Guds storhet, og for nåken begava, utrusta, takknemmlige, ydmyke, kloke menn! Hadde faktisk ikkje trudd det gjekk ann å bli så klok…Dei har ei holdning som representera respekt og ære til Gud for det som dei har fått tatt del i, og det som dei er velsigna med. Eg e så heldig, takk Gud for at eg får være med på ditta her!!

DNA og Bethel sine nøkkelord: Kjærlighet, ære, integritet, utrustelse, ansvarliggjørelse, eierskap, tro og renhet.

Eg kjenne eg gleda meg til å bli tatt djupare inn i dei prosessane Gud vil eg skal gjennom, og for å bli tatt i nåke heilt nytt. Vær gjerne med å be om styrke gjennom prosessane som eg må igjennom ditta året her, for nåken av dei kjem sikkert ikkje til å være så lette.

Året kjem i allefall til å bli fantastisk! Det er det allerede også, men eg vil ha tak i meir! Å kor eg gleda meg!!

Og du, om du blir minna på å sende meg nåke av følgande, så skal eg gje deg adressa mi:
– Freia melkesjokolade
– Grovhakka makrell i tomat/salsa
– Nugatti
– Brunost
– Servelatpølse
– Stabburet leverpostei
– Brelett

Nuss og kos og klem og alle andre synonym!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Categories

%d bloggers like this: